Gjenreisinga av Ålesund etter brannen førte til at at de hygieniske forholdene i byen ble kraftig forbedret. Moderne og hygieniske ideer ble tatt inn i arbeidet med gjenreisinga, og et stadig økende krav til komfort gjorde også sitt for å presse frem f.eks innstallasjon av vannklosett i bolighusene.
Hygiene
Den stadig aukande interessa for å skape betre hygieniske forhold i bumiljø, også i Norden, vert førd tilbake til England. Gjennomgripande lovgjeving, sanitære tiltak, vassleidnings – og avlaupsnett var realiserte i London alt på 1700-talet. Legar og vitskapsmenn la stadig sterkare vekt på kva luft, lys og vatn hadde å seie for menneska si helse. Dette vart grunnlaget for Public Health Act fri 1848, I prinsippet innebar lova at alle hus skulle forsynast med vatn, avlaup baderom og WC.
Moderne, hygieniske idear i denne samanhengen fekk sitt gjennombrot i Ålesund under arbeidet med oppattbvgginga av byen. Det er vanskeleg å påvise at dei kom til å få radikale konsekvensar for den ytre formgjevinga av arkitekturen, men vart i alle hove eir nytt innslag i bustadhusa sin daglege funksjon. Kravet til komfort vart stadig sterkare.
I oppattbyggingsperioden vart det innstallert 171 vasklosett i Ålesund. Huseigarane måtte sokie stadsingenioren om kreve. og betale ekstra avgift for vatn og tilknyting til kloakknettet. Avgiftene vart utrekna etter storleiken på eigedomen og kloakkostnaden. Vassverkanlegg var påbegynt i 1863 med vassforsyning fra bassenget på byfjellet Aksla. I åra 1902-04 vart det lagt ei 2 mil lang vassleidning til Ålesund fra Langevatnet, sør for Brusdalsvatnet, 345 m.o.h.
Etter brannen vart rørnettet i byen mykje utvida, både i utstrekning og dimensjonar. For å spare tid og pengar, arbeidde stadsing. Johs. Solem for å få gjennomført underjordisk drenering og kanalisering av både vassleidningar, kloakkrør og elverk-kablar i samband med bygging av gatene. Elektrisitetsverket og kolgassverket skaffa lys i gatene, skulane og svært mange av dei nyoppførte byningane. Oppvarming av hus vart framleis basert på fyring med ved, kol og koks.
Aalesunds Electrisitetsverk – oppført som privat foretak med konsesjon fra 1895, og i drift frå 1896 – brann i 1904. Dei første åra leverte det straum berre i månadene august – mai, ikkje om sommaren. Frå 1900 fekk det auka kapasitet. Etter brannen fekk Norsk Elektrisk A/S, Oslo, konsesjon på anlegg av nytt elektrisitetsverk i Ålesund i 20 år. Aalesund Gasverk blei bygd av Det Norske Gaskompani A/S som fekk konsesjon på 20 år. Det vart sett i drift 13. oktober 1905.
Eit anna vilkår for god hygiene var at bygningane fekk tilstrekkeleg forsyning av lys og luft. Dette var avhengig av gatebreidda, hushøgda og korleis arkitekten ordna ventilasjons-systemet og plasseringa av dei einskilde romma. Idear om moderne hygiene var tidlegare realiserte i Sverige. Alt i 1864 vart det valt ein komité i Stockholm som skulle arbeide for å få ein betre hygienisk standard i byen. Leiaren for denne komiteen, juristen Albert Lindhagen, la fram reguleringsplanar i 1866, der ein ville motverke bylivets hygieniske ulemper ved hjelp av breie gater, parkar og opne plassar. Dette skulle gjelde utbetring av eldre byområde så vel som nye. Komitéframlegget låg til grunn for ein byplan som vart godkjend i 1879.
I det nye Ålesund var gatearbeidd og hushøgd bestemt av bygningslova av 1896 og murtvanglova av 1904. Utfrå m.a. hygieniske synspunkt uttrykte bygningssjef Henr. Nissen misnøye med at gatene i Ålesund var for smale, men på det tidspunktet var reguleringa approbert ved høgste resolusjon.
Fra «Arkitektur i Ålesund 1904 – 1907″, Helga Stave Tvinnereim – Aalesunds Museums Skrift nr.13 – 1981
